Gillette Castle State Park

Gillette Castle State Park
delstatspark
Land  USA
Stat Connecticut
Kart
Gillette Castle State Park
41°25′25″N 72°25′53″W / 41.423611°N 72.431389°W / 41.423611; -72.431389
Wikimedia Commons: Gillette Castle State Park

Gillette Castle State Park er ein delstatspark i Connecticut i USA, som ligg kring Gillette Castle høgt over Connecticut-elva i byane East Haddam og Lyme. Den slottsaktige bygningen blei utforma og bygd av William Gillette (1853-1937), ein amerikansk skodespelar som er best kjend for å spela Sherlock Holmes på scenen. Gillette budde på staden frå 1919 til han døydde i 1937.[1] Delstaten Connecticut kjøpte eigedommen i 1943 for 29 000 dollar.[2][3]

Parken ligg ved River Road 67 i East Haddam og består av slottet (som ligg i Lyme) og eigedommen rundt. Han får kring 350 000 vitjande kvart år.[1] Parken opna igjen i 2002 etter ein fire år lang restaurasjon som kosta 11 millionar dollar. Han hadde no eit besøkssenter og museum, turstiat og eit piknikområde.[4]

  1. 1,0 1,1 Cody, Sarah. «Exploring Gillette Castle». ctnow.com (på engelsk). Henta 26. september 2017. 
  2. Woodside, Christine (2. juni 2002). «A Castle Restored, Including the Quirks». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 26. september 2017. 
  3. «William Gillette: King Of His Castle». tribunedigital-thecourant (på engelsk). Henta 26. september 2017. 
  4. Protection, Department of Environmental. «DEEP: Gillette Castle State Park». www.ct.gov (på engelsk). Henta 26. september 2017. 

Developed by StudentB